7 Han heldt til hos guvernøren Sergius Paulus, som var ein forstandig mann. Han bad Barnabas og Saulus til seg og ville høyra Guds ord.
8 Men Elymas – trollmannen, som namnet hans tyder – stod dei imot og freista å få guvernøren bort frå trua.
9 Då vart Saulus, som òg heitte Paulus, fylt av Den heilage ande. Han såg trollmannen i auga
10 og sa: «Du djevelens son, full av allslags svik og vondskap og fiende av all rettferd! Skal du aldri halda opp med å gjera Herrens beine vegar krokete?
11 Sjå, no legg Herren si hand på deg: Du skal vera blind ei tid og ikkje sjå sola.» I same stunda fall det skodde og mørker over han, og han famla rundt og leita etter nokon som kunne leia han.
12 Då guvernøren såg det som hadde hendt, undra han seg storleg over Herrens lære og kom til tru.
13 Så segla dei frå Pafos, Paulus og dei som var med han, og kom til Perge i Pamfylia. Der skilde Johannes lag med dei og drog tilbake til Jerusalem.