1 Også i Ikonium gjekk dei inn i den jødiske synagogen, og dei tala slik at ei stor mengd kom til tru, både jødar og grekarar.
2 Men dei jødane som ikkje ville tru, eggja opp heidningane og sette dei opp mot brørne.
3 Likevel vart dei verande der ei tid og tala med frimod i tillit til Herren, og han vitna for sitt nådeord med teikn og under som han gav dei makt til å gjera.
4 Folket i byen delte seg. Somme heldt med jødane, somme med apostlane.
5 Men då dei skjøna at både heidningane og jødane med styresmennene sine hadde tenkt å mishandla dei og steina dei,
6 rømde dei til Lykaonia, til byane Lystra og Derbe og landet der omkring.
7 Der forkynte dei evangeliet.