13 Presten i Zevs-tempelet tett utanfor byen kom til byporten med oksar og blomekransar og ville ofra saman med folket.
14 Men då apostlane Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei sund kappene sine, sprang ut til folkemengda
15 og ropa: «Kva er det de gjer? Vi er då vanlege menneske, akkurat som de! Vi forkynner dykk evangeliet, at de må venda om frå desse maktlause avgudane til den levande Gud, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som er i dei.
16 I tidlegare tider lét han nok alle folkeslag gå sine eigne vegar.
17 Og likevel lét han dei ikkje vera utan vitnemål om seg, for han gjorde velgjerningar. Frå himmelen sende han regn og gav grøde i rett tid, han gav dykk føde og fylte hjarta dykkar med glede.»
18 Med desse orda greidde dei så vidt det var å hindra at folket ofra til dei.
19 Men så kom det nokre jødar dit frå Antiokia og Ikonium. Dei fekk folket med seg, og dei steina Paulus. Dei drog han utanfor byen, for dei trudde han var død.