16 I tidlegare tider lét han nok alle folkeslag gå sine eigne vegar.
17 Og likevel lét han dei ikkje vera utan vitnemål om seg, for han gjorde velgjerningar. Frå himmelen sende han regn og gav grøde i rett tid, han gav dykk føde og fylte hjarta dykkar med glede.»
18 Med desse orda greidde dei så vidt det var å hindra at folket ofra til dei.
19 Men så kom det nokre jødar dit frå Antiokia og Ikonium. Dei fekk folket med seg, og dei steina Paulus. Dei drog han utanfor byen, for dei trudde han var død.
20 Men då læresveinane slo ring om han, reiste han seg opp og gjekk inn i byen. Dagen etter drog han ut til Derbe saman med Barnabas.
21 Dei forkynte evangeliet der i byen og vann mange læresveinar. Så reiste dei tilbake til Lystra og Ikonium og derifrå til Antiokia.
22 Dei styrkte læresveinane og formana dei til å halda fast ved trua og sa: «Vi må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler.»