21 Dei forkynte evangeliet der i byen og vann mange læresveinar. Så reiste dei tilbake til Lystra og Ikonium og derifrå til Antiokia.
22 Dei styrkte læresveinane og formana dei til å halda fast ved trua og sa: «Vi må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler.»
23 I kvar forsamling valde dei ut eldste og gav dei med bøn og faste over til Herren, han som dei var komne til tru på.
24 Så drog dei gjennom Pisidia og kom til Pamfylia.
25 Dei forkynte Ordet i Perge og fór så ned til Attalia.
26 Derifrå segla dei til Antiokia, den staden der dei hadde vorte overgjevne til Guds nåde for å gjera det verket dei no hadde fullført.
27 Då dei kom dit, kalla dei saman forsamlinga og fortalde om kor store ting Gud hadde gjort gjennom dei, og at han hadde opna ei dør til tru for heidningane.