3 Likevel vart dei verande der ei tid og tala med frimod i tillit til Herren, og han vitna for sitt nådeord med teikn og under som han gav dei makt til å gjera.
4 Folket i byen delte seg. Somme heldt med jødane, somme med apostlane.
5 Men då dei skjøna at både heidningane og jødane med styresmennene sine hadde tenkt å mishandla dei og steina dei,
6 rømde dei til Lykaonia, til byane Lystra og Derbe og landet der omkring.
7 Der forkynte dei evangeliet.
8 I Lystra var det ein mann som var utan kraft i føtene. Han hadde vore lam heilt frå mors liv og hadde aldri gått.
9 Denne mannen sat og høyrde Paulus tala. Paulus såg han rett inn i auga, og då han skjøna at mannen hadde tru så han kunne bli lækt,