5 Men då dei skjøna at både heidningane og jødane med styresmennene sine hadde tenkt å mishandla dei og steina dei,
6 rømde dei til Lykaonia, til byane Lystra og Derbe og landet der omkring.
7 Der forkynte dei evangeliet.
8 I Lystra var det ein mann som var utan kraft i føtene. Han hadde vore lam heilt frå mors liv og hadde aldri gått.
9 Denne mannen sat og høyrde Paulus tala. Paulus såg han rett inn i auga, og då han skjøna at mannen hadde tru så han kunne bli lækt,
10 sa han med høg røyst: «Reis deg og stå på føtene dine!» Då sprang han opp og gjekk omkring.
11 Då folket såg kva Paulus hadde gjort, sette dei i å ropa på lykaonisk: «Gudane har vorte lik menneske og stige ned til oss!»