21 For Moses har frå gammalt av hatt nokon som forkynner han i alle byar; kvar sabbat blir han opplesen i synagogane.»
22 Då vedtok apostlane og dei eldste, saman med heile forsamlinga, å velja ut nokre menn og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas, som vart kalla Barsabbas, og Silas, begge leiarar mellom brørne.
23 Dei fekk med seg dette brevet:«Apostlane og dei eldste, brørne dykkar, helsar dei syskena som er av heidningætt i Antiokia, Syria og Kilikia.
24 Vi har fått høyra at nokre som kom frå oss, har gjort dykk rådville og urolege med orda sine. Frå oss har dei inga fullmakt.
25 Difor vart vi samde om å velja nokre menn og senda dei til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus,
26 menn som har våga livet for vår Herre Jesu Kristi namn.
27 Så sender vi Judas og Silas. Dei skal munnleg bera fram det same.