28 For Den heilage ande og vi har vedteke at det ikkje skal leggjast på dykk noka anna bør enn dette som er nødvendig:
29 at de held dykk frå kjøt ofra til avgudar, frå blod, frå kjøt av kvelte dyr og frå hor. Tek de dykk i vare for slikt, kjem det til å gå dykk godt. Lev vel!»
30 Utsendingane drog ned til Antiokia. Der samla dei alle og gav dei brevet.
31 Dei las det opp og vart glade for den trøysta det gav.
32 Judas og Silas, som sjølve var profetar, tala lenge til syskena der og sette mot i dei og styrkte dei.
33 Då dei hadde vore der ei tid, lét syskena dei fara heim att til dei som hadde sendt dei, med ønske om fred.
34 {{Men Silas ville vera att.}}