3 Forsamlinga sende dei av stad, og dei drog gjennom Fønikia og Samaria. Til stor glede for alle dei syskena som var der, fortalde dei korleis heidningane hadde vendt om.
4 Då dei kom fram til Jerusalem, vart dei mottekne av forsamlinga, apostlane og dei eldste, og dei fortalde om kor store ting Gud hadde gjort gjennom dei.
5 Då reiste det seg nokre frå farisearflokken som hadde kome til trua, og sa: «Dei må omskjerast og påleggjast å halda Moselova.»
6 Apostlane og dei eldste kom då saman for å drøfta denne saka.
7 Det vart eit hardt ordskifte. Då reiste Peter seg og sa til dei: «Brør, de veit at Gud for lenge sidan valde ut meg mellom dykk; han ville at heidningane skulle få høyra evangelieordet av min munn og koma til tru.
8 Og Gud, som kjenner alle hjarte, vitna for dei då dei fekk Den heilage ande liksom vi.
9 Han gjorde ingen forskjell på oss og dei, for ved trua reinsa han hjarta deira.