5 Då reiste det seg nokre frå farisearflokken som hadde kome til trua, og sa: «Dei må omskjerast og påleggjast å halda Moselova.»
6 Apostlane og dei eldste kom då saman for å drøfta denne saka.
7 Det vart eit hardt ordskifte. Då reiste Peter seg og sa til dei: «Brør, de veit at Gud for lenge sidan valde ut meg mellom dykk; han ville at heidningane skulle få høyra evangelieordet av min munn og koma til tru.
8 Og Gud, som kjenner alle hjarte, vitna for dei då dei fekk Den heilage ande liksom vi.
9 Han gjorde ingen forskjell på oss og dei, for ved trua reinsa han hjarta deira.
10 Kvifor vil de då utfordra Gud og leggja på nakken til læresveinane eit åk som verken fedrane våre eller vi var i stand til å bera?
11 Nei, det er ved Herren Jesu nåde vi trur at vi blir frelste, vi liksom dei.»