1 Han kom òg til Derbe og Lystra. Der var det ein læresvein som heitte Timoteus. Han var son til ei truande jødisk kvinne, og faren var grekar.
2 Dei syskena som var i Lystra og Ikonium, hadde berre godt å seia om han.
3 Han ville Paulus ha med seg på ferda, og han tok og omskar han av omsyn til jødane som budde i dei traktene, for alle visste at far hans var grekar.
4 Som dei drog frå by til by, overleverte dei forskriftene som apostlane og dei eldste i Jerusalem hadde vedteke, med påbod om å retta seg etter dei.
5 No vart forsamlingane styrkte i trua og auka i tal dag for dag.
6 Sidan fór dei gjennom det frygiske og galatiske området, for Den heilage ande hindra dei i å forkynna Ordet i Asia.
7 Då dei var komne nesten til Mysia, freista dei å fara til Bitynia, men Jesu Ande gav dei ikkje lov.