18 Dette heldt ho på med i mange dagar. Til slutt vart Paulus harm. Han snudde seg og sa til ånda: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn: Far ut or henne!» Og ho fór ut i same stunda.
19 Men då eigarane skjøna at det ikkje var von om å tena meir pengar på henne, greip dei Paulus og Silas og drog dei med seg til styresmaktene på torget.
20 Dei førte dei fram for dei romerske dommarane i byen og sa: «Desse mennene skaper uro i byen vår. Dei er jødar
21 og lærer oss skikkar som vi ikkje har lov til å ta opp eller følgja, vi som er romerske borgarar.»
22 Folkehopen òg gjekk til åtak på dei. Dommarane reiv kleda av dei og baud at dei skulle piskast.
23 Dei fekk mange slag og vart sette i fengsel, og fangevaktaren fekk påbod om å vakta dei vel.
24 Då han hadde fått dette påbodet, sette han dei inn i det inste fangeholet og låste føtene deira fast i blokka.