21 og lærer oss skikkar som vi ikkje har lov til å ta opp eller følgja, vi som er romerske borgarar.»
22 Folkehopen òg gjekk til åtak på dei. Dommarane reiv kleda av dei og baud at dei skulle piskast.
23 Dei fekk mange slag og vart sette i fengsel, og fangevaktaren fekk påbod om å vakta dei vel.
24 Då han hadde fått dette påbodet, sette han dei inn i det inste fangeholet og låste føtene deira fast i blokka.
25 Ved midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane høyrde på.
26 Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen til fengselet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lenkjene losna av alle fangane.
27 Fangevaktaren fór opp av søvnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg, for han trudde fangane hadde rømt.