25 Ved midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane høyrde på.
26 Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen til fengselet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lenkjene losna av alle fangane.
27 Fangevaktaren fór opp av søvnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg, for han trudde fangane hadde rømt.
28 Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.»
29 Då bad han om lys og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas.
30 Og han leidde dei ut og sa: «Gode herrar! Kva skal eg gjera så eg kan bli frelst?»
31 Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst, både du og huslyden din.»