9 Om natta hadde Paulus eit syn. Han såg ein makedonar som stod og kalla på han og bad: «Kom over til Makedonia og hjelp oss!»
10 Då han hadde hatt dette synet, prøvde vi straks å fara til Makedonia, for vi skjøna at Gud hadde kalla oss til å forkynna evangeliet der.
11 Vi la ut frå Troas og segla beint til Samotrake, og dagen etter kom vi til Neapolis.
12 Derifrå drog vi til Filippi, ein by som ligg i det første distriktet i Makedonia og er ein romersk koloni. Vi vart verande nokre dagar der i byen.
13 På sabbatsdagen gjekk vi utanfor byporten, bort til ei elv der vi meinte det var ein bønestad. Og vi sette oss og tala til dei kvinnene som var komne saman.
14 Der var det ei kvinne frå Tyatira som heitte Lydia og handla med purpurtøy. Ho var ei av dei som dyrka Gud. Ho høyrde på oss, og Herren opna hjartet hennar så ho tok til seg det Paulus sa.
15 Då ho og heile huslyden hennar var døypte, bad ho oss til seg og sa: «Så sant de held meg for ei kvinne som trur på Herren, så kom heim til meg og bli der.» Og ho overtala oss til det.