1 Dei la vegen gjennom Amfipolis og Apollonia og kom til Tessalonika. Der hadde jødane ein synagoge.
2 Paulus gjekk dit, som han var van med. Tre sabbatsdagar hadde han samtalar med dei ut frå skriftene.
3 Han forklara og la ut for dei at Messias måtte lida og stå opp frå dei døde. Han sa: «Jesus, han som eg forkynner for dykk, han er Messias.»
4 Nokre av dei vart overtydde og gav seg i lag med Paulus og Silas. Det same gjorde ein stor flokk grekarar av dei som dyrka Gud, og ikkje få av dei fremste kvinnene.