31 For han har fastsett ein dag då han vil dømma verda med rettferd, og til det har han innsett ein mann. Det har han stadfest for alle med å reisa han opp frå dei døde.»
32 Men då dei høyrde om oppstoda frå dei døde, var det somme som spotta, men andre sa: «Vi høyrer deg gjerne tala meir om dette ein annan gong.»
33 Så gjekk Paulus frå dei.
34 Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios frå Areopagosrådet og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre.