6 Men då dei ikkje fann dei, drog dei Jason og nokre av brørne med seg til styresmennene i byen og ropa: «No er dei komne hit òg, desse som har sett heile verda i opprør,
7 og Jason har teke imot dei! Dei gjer alle tvert imot påboda frå keisaren og seier at ein annan, ein som heiter Jesus, er konge.»
8 Då folket og styresmennene høyrde det, vart dei skremde,
9 og Jason og dei andre fekk ikkje gå før dei hadde gjeve ein pengesum i pant.
10 Så snart det vart natt, sende brørne Paulus og Silas av stad til Berøa. Då dei kom dit, gjekk dei bort i den jødiske synagogen.
11 Jødane der hadde eit edlare sinnelag enn dei i Tessalonika. Dei tok imot Ordet med all godvilje og granska dagleg skriftene og såg etter om alt stemde.
12 Mange av dei kom då til tru, og det same gjorde ein del framståande greske kvinner og mange greske menn.