1 Sidan tok Paulus ut frå Aten og drog til Korint.
2 Der trefte han ein jøde som heitte Akvilas og var fødd i Pontos. Saman med Priskilla, kona si, var han nyleg komen frå Italia, fordi keisar Claudius hadde gjeve påbod om at alle jødar skulle forlata Roma. Paulus tok inn hos dei,
3 og sidan dei dreiv same handverket – dei var teltmakarar – vart han buande der og arbeidde i lag med dei.
4 Men kvar sabbat tala han med folk i synagogen og overtydde både jødar og grekarar.
5 Då Silas og Timoteus kom ned frå Makedonia, vigde Paulus seg heilt til forkynninga og vitna for jødane at Jesus var Messias.
6 Men dei sette seg imot og spotta. Då riste han støvet av kleda sine og sa til dei: «Blodet dykkar skal koma over dykkar eige hovud. Eg er utan skuld. Frå no av går eg til heidningane.»
7 Så gjekk han derifrå og kom heim til Titius Justus, ein mann som dyrka Gud. Huset hans låg vegg i vegg med synagogen.