15 Men er det strid om ord og namn og dykkar eiga lov, så får de greia opp med det sjølve. Eg vil ikkje vera dommar i slike saker.»
16 Dermed jaga han dei bort frå domstolen.
17 Då tok alle fatt i synagogeforstandaren Sostenes og banka han opp midt framfor dommarsetet. Men Gallio brydde seg ikkje det minste om det.
18 Endå ei tid vart Paulus verande der. Så sa han farvel til brørne og segla til Syria saman med Priskilla og Akvilas. Men først klipte han håret i Kenkreæ, for han hadde bunde seg med ein lovnad.
19 Då dei kom til Efesos, skilde Paulus lag med dei andre. Han gjekk til synagogen og gav seg i samtale med jødane.
20 Dei bad han vera lenger. Han avslo,
21 men då han tok avskil, sa han: «Eg kjem til dykk ein annan gong, om Gud vil.» Så segla han ut frå Efesos.