18 Endå ei tid vart Paulus verande der. Så sa han farvel til brørne og segla til Syria saman med Priskilla og Akvilas. Men først klipte han håret i Kenkreæ, for han hadde bunde seg med ein lovnad.
19 Då dei kom til Efesos, skilde Paulus lag med dei andre. Han gjekk til synagogen og gav seg i samtale med jødane.
20 Dei bad han vera lenger. Han avslo,
21 men då han tok avskil, sa han: «Eg kjem til dykk ein annan gong, om Gud vil.» Så segla han ut frå Efesos.
22 Då han kom til Cæsarea, gjekk han opp til Jerusalem og helsa på forsamlinga. Så fór han ned til Antiokia.
23 Der vart han verande ei tid og tok så ut att. Han drog frå stad til stad gjennom Galatia-området og Frygia og styrkte alle læresveinane.
24 Ein jøde som heitte Apollos, og som ætta frå Aleksandria, kom no til Efesos. Han hadde ordet i si makt og var vel kjend i skriftene.