3 og sidan dei dreiv same handverket – dei var teltmakarar – vart han buande der og arbeidde i lag med dei.
4 Men kvar sabbat tala han med folk i synagogen og overtydde både jødar og grekarar.
5 Då Silas og Timoteus kom ned frå Makedonia, vigde Paulus seg heilt til forkynninga og vitna for jødane at Jesus var Messias.
6 Men dei sette seg imot og spotta. Då riste han støvet av kleda sine og sa til dei: «Blodet dykkar skal koma over dykkar eige hovud. Eg er utan skuld. Frå no av går eg til heidningane.»
7 Så gjekk han derifrå og kom heim til Titius Justus, ein mann som dyrka Gud. Huset hans låg vegg i vegg med synagogen.
8 Synagogeforstandaren Krispus kom til tru på Herren saman med heile huslyden sin, og mange andre korintarar som høyrde Paulus, trudde og vart døypte.
9 Ei natt sa Herren til Paulus i eit syn: «Ver ikkje redd! Du skal ikkje teia, men tala!