7 Så gjekk han derifrå og kom heim til Titius Justus, ein mann som dyrka Gud. Huset hans låg vegg i vegg med synagogen.
8 Synagogeforstandaren Krispus kom til tru på Herren saman med heile huslyden sin, og mange andre korintarar som høyrde Paulus, trudde og vart døypte.
9 Ei natt sa Herren til Paulus i eit syn: «Ver ikkje redd! Du skal ikkje teia, men tala!
10 Eg er med deg, og ingen skal røra deg eller gjera deg noko vondt, for eg har mykje folk i denne byen.»
11 Så vart han buande der i eitt år og seks månader og lærte dei Guds ord.
12 Medan Gallio var guvernør i Akaia, slo jødane seg saman mot Paulus og drog han fram for domstolen.
13 «Denne mannen», sa dei, «lokkar folk til å dyrka Gud på ein måte som er i strid med lova.»