2 og spurde dei: «Fekk de Den heilage ande då de kom til tru?» Dei svara: «Vi har ikkje eingong høyrt at det er nokon Heilag Ande.»
3 «Kva dåp vart de då døypte med?» spurde han. «Med Johannes-dåpen», svara dei.
4 Då sa Paulus: «Johannes døypte med ein dåp til omvending. Han sa til folket at dei skulle tru på den som kom etter han, det er Jesus.»
5 Då dei høyrde det, lét dei seg døypa til Herren Jesu namn.
6 Og då Paulus la hendene på dei, kom Den heilage ande over dei. Dei tala i tunger, og dei tala profetisk.
7 Det var om lag tolv menn i alt.
8 Sidan gjekk han til synagogen, og der tala han med stort frimod i tre månader. Han samtala med folk og overtydde dei om det som høyrer Guds rike til.