20 Såleis breidde Ordet seg ut og fekk stor framgang ved Herrens makt.
21 Då alt dette var fullført, sette Paulus seg føre å dra gjennom Makedonia og Akaia og heilt til Jerusalem. Og han sa: «Når eg har vore der, må eg reisa til Roma òg.»
22 Så sende han Timoteus og Erastos, to av dei som stod i tenesta saman med han, til Makedonia. Sjølv vart han verande endå ei tid i Asia.
23 På den tida vart det ei stor uro om Vegen.
24 Ein sølvsmed som heitte Demetrios, laga Artemis-tempel av sølv og hjelpte handverkarane til god inntekt.
25 Ein dag kalla han saman både dei og arbeidarane som dreiv med dette, og sa: «Godt folk! De veit at velstanden vår kjem frå dette arbeidet.
26 Men no kan de både sjå og høyra korleis denne Paulus overtalar menneske i store mengder og fører dei vill, ikkje berre her i Efesos, men i mest heile Asia. Han seier at gudar som er laga av menneskehender, ikkje er gudar.