36 Dette kan ingen nekta, og difor bør de no vera rolege og ikkje fara for brått fram.
37 No har de ført hit desse mennene som verken er tempelranarar eller har spotta gudinna vår.
38 Vil Demetrios og handverkarane hans reisa sak mot nokon, så har vi dei vanlege rettsmøta, og vi har våre guvernørar. Partane kan stemna kvarandre for retten.
39 Og har de noko anna å krevja, skal det bli avgjort på det lovlege folketinget.
40 Etter det som har hendt i dag, kan vi lett bli klaga for opprør. Og vi har ingen ting å visa til om nokon krev oss til rekneskap for dette oppstyret.» Med desse orda fekk han folkehopen til å skiljast.