7 Det var om lag tolv menn i alt.
8 Sidan gjekk han til synagogen, og der tala han med stort frimod i tre månader. Han samtala med folk og overtydde dei om det som høyrer Guds rike til.
9 Men det var nokre som gjorde seg harde og ikkje ville tru. Dei tala vondt om Vegen så alle høyrde på. Då braut Paulus med dei og tok læresveinane med. Sidan hadde han kvar dag samtalar i skulen til Tyrannos.
10 Dette heldt han fram med i to år, så alle som budde i Asia, både jødar og grekarar, fekk høyra Herrens ord.
11 Gud gjorde uvanlege under gjennom Paulus.
12 Det hende til og med at folk tok lommeplagg og arbeidsklede som han hadde brukt, og la på dei sjuke. Då sleppte sjukdomen taket, og dei vonde åndene fór ut.
13 Nokre jødar som reiste omkring og dreiv med åndemaning, freista òg å seia fram Herren Jesu namn over dei som hadde vonde ånder i seg, og sa: «Eg byd dykk ved den Jesus som Paulus forkynner.»