1 Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad.
2 Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i.
3 Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei.
4 Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.
5 I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen.