14 Då steig Peter fram saman med dei elleve. Med sterk røyst tala han til dei:«Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Merk dykk kva eg seier. Ja, lyd vel til orda mine!
15 Desse menneska er ikkje fulle, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen.
16 Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:
17 I dei siste dagar skal det henda, seier Gud, at eg auser ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal profetera, dei unge skal sjå syn, og dei gamle skal drøyma draumar.
18 Sjølv over slavane og slavekvinnene mine vil eg ausa ut min Ande i dei dagane,og dei skal tala profetord.
19 Eg set varsel oppe på himmelen og teikn nede på jorda, blod og eld og røykskyer.
20 Sola skal bli omskapt til mørker og månen til blod før Herrens dag kjem, den store og strålande.