19 Eg set varsel oppe på himmelen og teikn nede på jorda, blod og eld og røykskyer.
20 Sola skal bli omskapt til mørker og månen til blod før Herrens dag kjem, den store og strålande.
21 Men kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.
22 Israelittar, høyr desse orda! Jesus frå Nasaret var ein mann som Gud peika ut for dykk med mektige gjerningar og under og teikn som Gud lét han gjera blant dykk. Dette kjenner de sjølve til.
23 Han vart utlevert til dykk, slik Gud på førehand fastsette og kjende til, og ved hjelp av hendene til lovlause nagla de han til krossen og drap han.
24 Men Gud reiste han opp att og løyste han frå dødsriene. Døden var ikkje sterk nok til å halda på han.
25 For David seier om han: Alltid har eg Herren for auga, han er ved mi høgre side, eg skal ikkje vakla.