2 Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i.
3 Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei.
4 Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.
5 I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen.
6 Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål.
7 Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar?
8 Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål?