24 Men Gud reiste han opp att og løyste han frå dødsriene. Døden var ikkje sterk nok til å halda på han.
25 For David seier om han: Alltid har eg Herren for auga, han er ved mi høgre side, eg skal ikkje vakla.
26 Difor var det glede i mitt hjarte og jubel på mi tunge, ja, sjølv kroppen skal slå seg til ro med von.
27 Du skal ikkje la mi sjel bli verande i dødsriket. Du skal ikkje la din heilage sjå forròtning.
28 Du har lært meg å kjenna livsens vegar. Du skal fylla meg med glede for ditt andlet.
29 Brør, lat meg tala ope og rett fram til dykk om David, stamfaren vår. Han døydde og vart gravlagd, og grava hans er hos oss den dag i dag.
30 Men han var ein profet og visste at Gud med eid hadde lova å setja hans livsfrukt på trona hans.