27 Du skal ikkje la mi sjel bli verande i dødsriket. Du skal ikkje la din heilage sjå forròtning.
28 Du har lært meg å kjenna livsens vegar. Du skal fylla meg med glede for ditt andlet.
29 Brør, lat meg tala ope og rett fram til dykk om David, stamfaren vår. Han døydde og vart gravlagd, og grava hans er hos oss den dag i dag.
30 Men han var ein profet og visste at Gud med eid hadde lova å setja hans livsfrukt på trona hans.
31 Difor såg han inn i framtida og tala om at Messias skulle stå opp. Det var han som ikkje skulle bli verande i dødsriket, og det var kroppen hans som ikkje skulle sjå forròtning.
32 Denne Jesus var det Gud reiste opp, det er vi alle vitne om.
33 Han vart opphøgd til Guds høgre hand og fekk av Far sin Den heilage ande som var lova, og den har han no aust ut. Det er dette de ser og høyrer.