43 Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde.
44 Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag.
45 Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det.
46 Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede.
47 Dei song og lova Gud og var godt lika av alt folket. Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa.