8 Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål?
9 Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som bur i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia,
10 Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma,
11 jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»
12 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?»
13 Men nokre gjorde narr av dei og sa: «Dei har drukke seg fulle på søt vin.»
14 Då steig Peter fram saman med dei elleve. Med sterk røyst tala han til dei:«Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Merk dykk kva eg seier. Ja, lyd vel til orda mine!