1 Då ståket hadde stilna, sende Paulus bod etter læresveinane og sette mot i dei. Så bad han farvel og tok ut for å dra til Makedonia.
2 På reisa gjennom desse bygdene tala han mykje og sette mot i dei òg. Han kom til Hellas,
3 og der vart han verande i tre månader. Då han skulle segla derifrå og til Syria, fekk jødane til ei samansverjing mot han. Difor sette han seg føre å venda attende gjennom Makedonia.
4 Saman med han på ferda var Sopatros frå Berøa, son til Pyrros, Aristarkos og Sekundus frå Tessalonika, Gaius frå Derbe, Timoteus, og frå Asia Tykikos og Trofimos.
5 Desse fór føre og venta på oss i Troas.
6 Vi andre segla ut frå Filippi straks etter høgtida med usyra brød, og fem dagar etter møtte vi dei i Troas. Der vart vi verande ei veke.
7 Første dagen i veka var vi samla for å bryta brødet. Paulus tala til dei, og han heldt på heilt til midnatt, sidan han skulle reisa dagen etter.