11 Så gjekk han opp att, braut brødet og åt, og tala endå lenge, heilt til det lysna. Då drog han av stad.
12 Dei leidde guten heim i live, og det var til useieleg trøyst for dei.
13 Vi gjekk i førevegen om bord i skipet og segla til Assos. Paulus hadde sagt frå at vi skulle ta han med der, for sjølv ville han gå til fots.
14 Då han møtte oss i Assos, tok vi han om bord og fór så til Mityléne.
15 Dagen etter segla vi derifrå og kom på høgd med Kios. Andre dagen heldt vi fram til Samos, og dagen deretter nådde vi Miletos.
16 For Paulus hadde sett seg føre å segla utanom Efesos, så han ikkje skulle bli hefta i Asia. Han skunda på for å nå fram til Jerusalem til pinsedagen, om det var råd.
17 Frå Miletos sende han bod til Efesos og kalla til seg dei eldste i forsamlinga.