16 For Paulus hadde sett seg føre å segla utanom Efesos, så han ikkje skulle bli hefta i Asia. Han skunda på for å nå fram til Jerusalem til pinsedagen, om det var råd.
17 Frå Miletos sende han bod til Efesos og kalla til seg dei eldste i forsamlinga.
18 Og då dei kom, tala han til dei:«De veit korleis eg har levd all den tid eg har vore saman med dykk, frå den første dagen eg sette foten i Asia.
19 Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine.
20 De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk, men eg har forkynt for dykk og undervist dykk både ute blant folket og i heimane.
21 Eg har vitna for både jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus.
22 Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje.