18 Og då dei kom, tala han til dei:«De veit korleis eg har levd all den tid eg har vore saman med dykk, frå den første dagen eg sette foten i Asia.
19 Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine.
20 De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk, men eg har forkynt for dykk og undervist dykk både ute blant folket og i heimane.
21 Eg har vitna for både jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus.
22 Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje.
23 Eg veit berre at Den heilage ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lenkjer og forfølging.
24 Men for meg er ikkje liv eller død verdt å snakka om, berre eg kan fullføra løpet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde.