25 Og no veit eg at de aldri meir skal sjå andletet mitt, alle de som eg har vore saman med og forkynt Riket for.
26 Difor vitnar eg for dykk på denne dagen at eg er utan skuld om nokon taper sitt liv,
27 for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds plan og vilje.
28 Ta vare på dykk sjølve og på heile den flokken som Den heilage ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds forsamling, som han vann med sitt eige blod.
29 For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar som ikkje sparer flokken.
30 Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med falsk lære og vil lokka læresveinane med seg.
31 Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, med tårer i auga, ikkje heldt opp med å rettleia kvar einaste ein.