3 og der vart han verande i tre månader. Då han skulle segla derifrå og til Syria, fekk jødane til ei samansverjing mot han. Difor sette han seg føre å venda attende gjennom Makedonia.
4 Saman med han på ferda var Sopatros frå Berøa, son til Pyrros, Aristarkos og Sekundus frå Tessalonika, Gaius frå Derbe, Timoteus, og frå Asia Tykikos og Trofimos.
5 Desse fór føre og venta på oss i Troas.
6 Vi andre segla ut frå Filippi straks etter høgtida med usyra brød, og fem dagar etter møtte vi dei i Troas. Der vart vi verande ei veke.
7 Første dagen i veka var vi samla for å bryta brødet. Paulus tala til dei, og han heldt på heilt til midnatt, sidan han skulle reisa dagen etter.
8 Det var mange lamper i den salen ovanpå der vi var samla.
9 Ein ung gut som heitte Evtykos, sat i vindauget. Då Paulus tala så lenge, fall han i djup søvn og datt ut gjennom vindauget frå tredje høgda. Han var død då dei tok han opp.