31 Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, med tårer i auga, ikkje heldt opp med å rettleia kvar einaste ein.
32 Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som har kraft til å byggja opp og gje dykk arv saman med alle dei som er helga.
33 Eg har aldri trakta etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske.
34 De veit sjølve at desse hendene har sørgt for det vi trong, både eg og dei som var med meg.
35 Alltid har eg vist dykk at vi må arbeida slik, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: ‘Det er sælare å gje enn å få.’»
36 Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad.
37 Då brast dei alle i gråt, og dei fall Paulus om halsen og kyste han.