35 Alltid har eg vist dykk at vi må arbeida slik, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: ‘Det er sælare å gje enn å få.’»
36 Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad.
37 Då brast dei alle i gråt, og dei fall Paulus om halsen og kyste han.
38 Det som gav dei mest sorg, var det han hadde sagt om at dei aldri meir skulle sjå han att. Så følgde dei han til skipet.