25 Når det gjeld dei heidningkristne, har vi skrive til dei og sagt at dei skal halda seg frå kjøt som er ofra til avgudar, frå blod, frå kjøt av kvelte dyr og frå hor.»
26 Dagen etter tok Paulus mennene med seg og lét seg reinsa saman med dei. Sidan gjekk han opp i tempelet og sa ifrå når reinsingsdagane var omme og offeret skulle berast fram for kvar av dei.
27 Då det leid mot slutten av dei sju dagane, fekk jødane frå Asia sjå han på tempelplassen. Dei øste opp heile folkehopen, la hand på han
28 og skreik: «Israelittar, kom og hjelp! Her er den mannen som overalt lærer alle slikt som er imot folket og lova og denne staden. No har han til og med teke grekarar med seg inn i tempelet og vanhelga denne heilage staden.»
29 For dei hadde alt sett Trofimos frå Efesos saman med han i byen, og så trudde dei at Paulus hadde teke han med seg til tempelet.
30 Uroa breidde seg over heile byen, og folk stima saman. Dei tok Paulus og drog han bort frå tempelplassen, og med det same vart portane stengde.
31 Dei heldt på og ville slå han i hel då kommandanten for vaktstyrken fekk melding om at heile Jerusalem var i opprør.