28 og skreik: «Israelittar, kom og hjelp! Her er den mannen som overalt lærer alle slikt som er imot folket og lova og denne staden. No har han til og med teke grekarar med seg inn i tempelet og vanhelga denne heilage staden.»
29 For dei hadde alt sett Trofimos frå Efesos saman med han i byen, og så trudde dei at Paulus hadde teke han med seg til tempelet.
30 Uroa breidde seg over heile byen, og folk stima saman. Dei tok Paulus og drog han bort frå tempelplassen, og med det same vart portane stengde.
31 Dei heldt på og ville slå han i hel då kommandanten for vaktstyrken fekk melding om at heile Jerusalem var i opprør.
32 Han tok straks med seg soldatar og offiserar og sprang ned til dei. Då dei såg kommandanten og soldatane, heldt dei opp med å slå Paulus.
33 Kommandanten gjekk borttil, lét mennene sine gripa Paulus og baud at han skulle bindast med to lenkjer. Så spurde han Paulus kven han var og kva han hadde gjort.
34 Men i folkehopen ropa somme eitt og somme noko anna, og då det var slikt ståk at han ikkje kunne få skikkeleg greie på noko som helst, baud han at Paulus skulle førast inn i borga.