32 Han tok straks med seg soldatar og offiserar og sprang ned til dei. Då dei såg kommandanten og soldatane, heldt dei opp med å slå Paulus.
33 Kommandanten gjekk borttil, lét mennene sine gripa Paulus og baud at han skulle bindast med to lenkjer. Så spurde han Paulus kven han var og kva han hadde gjort.
34 Men i folkehopen ropa somme eitt og somme noko anna, og då det var slikt ståk at han ikkje kunne få skikkeleg greie på noko som helst, baud han at Paulus skulle førast inn i borga.
35 Då dei kom til trappa, trengde hopen så hardt på at soldatane måtte bera han,
36 for heile folkemengda følgde etter og skreik: «Bort med han!»
37 Då dei skulle til å gå inn i borga, sa Paulus til kommandanten: «Får eg lov til å seia deg noko?» Han svara: «Kan du gresk?
38 Så er du då ikkje den egyptaren som for ei tid sidan gjorde opprør og førte dei fire tusen knivmennene ut i øydemarka?»