4 Vi leita opp læresveinane og vart verande der i sju dagar. Drivne av Anden sa dei til Paulus at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem.
5 Då dagane våre der var til ende, heldt vi fram på reisa. Alle følgde oss ut av byen, med koner og born. På stranda bøygde vi kne og bad
6 før vi sa farvel til kvarandre. Vi gjekk om bord i skipet, og dei vende heim att.
7 Så fór vi frå Tyros til Ptolemais og hadde då fullført sjøferda. Vi helsa på syskena der og var ein dag hos dei.
8 Dagen etter drog vi derifrå og kom til Cæsarea. Der tok vi inn hos evangelisten Filip, ein av dei sju, og vart buande hos han.
9 Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve.
10 Som vi no vart verande der nokre dagar, kom det ned frå Judea ein profet som heitte Agabos.