9 Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve.
10 Som vi no vart verande der nokre dagar, kom det ned frå Judea ein profet som heitte Agabos.
11 Han kom til oss, tok beltet til Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den heilage ande: Den mannen som eig dette beltet, skal jødane i Jerusalem binda slik og gje i hendene på heidningane.»
12 Då vi høyrde det, bad vi Paulus, både vi og dei som budde der, at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem.
13 Men Paulus svara: «Kvifor græt de og gjer meg tung om hjartet? Eg er klar, ikkje berre til å la meg binda, men òg til å døy i Jerusalem for Herren Jesu namn.»
14 Og sidan han ikkje lét seg overtala, roa vi oss og sa: «Lat Herrens vilje råda!»
15 Etter desse dagane gjorde vi oss ferdige og drog opp til Jerusalem.