11 Eg kunne ikkje sjå, så sterk hadde glansen av lyset vore. Men dei som var med meg, tok meg i handa og leidde meg inn til Damaskus.
12 Ananias, ein from mann som levde etter lova og hadde godt ord på seg hos alle jødane der,
13 kom til meg og stod framfor meg og sa: ‘Saul, bror, du skal få att synet!’ Og i same stunda fekk eg att synet og kunne sjå han.
14 Då sa Ananias: ‘Våre fedrars Gud har valt deg ut til å kjenna hans vilje og sjå Den rettferdige og høyra røysta frå hans munn.
15 For du skal vera hans vitne for alle menneske om det du har sett og høyrt.
16 Så kvifor nøler du no? Kom og lat deg døypa og få syndene dine vaska av, medan du kallar på hans namn!’
17 Sidan, då eg var komen tilbake til Jerusalem og bad i tempelet, kom eg i ekstase.